|
Jotunheimen Veterankøyretøyklubb vart starta i januar 1991. Klubben har omlag 100 medlemmar, dei fleste frå Ottadalen, men og frå mange andre stader i Gudbransdalen. Sidan klubben vart starta har det vore skrudd og pussa i mange låvar og garasjer rundt om i distriktet. Mange av medlemmane er kyndige mekanikarar som gjev råd og vegleiing. Sidan starten har mange gamle køyretøy kome på vegen att. I tillegg til vanlege personbilar som er i fleirtal, finst det og mange motorsyklar og lastebilar. Likeeins er det naturleg at det i kommunar som Lom og Skjåk, med eit aktivt jordbruk, er det mange som er interessert i traktorar og landbruksreiskap. Det finst mange fint restaurerte doningar av dette slaget og Klubben har møte fyrste tysdagen i kvar månad. Skjåk kommune har deponert to gamle brannbilar til klubben. Likeeins har klubben fått disponere den gamle brannstasjonen i bygda der nokre medlemmar har lagt ned eit stort arbeid i å få bygd klubblokale.
|